Mardalsfossen

Den majestetiske Mardalsfossen er fortsatt en turistmagnet der den renner i perioden 20. juni - 20. august. Den totale fallhøyden er 655 m, og dette kvalifiserer til at Mardalsfossen er Nord Europas høyeste fossefall, og nr. 4 på verdensbasis. (Finn Alnæs, Naturkatedral).

Det øverste frie fallet er 297 m. I 1970 ble det vedtatt at fossen skulle bygges ut i Romsdalen sammen med Ytste Mardøla og Bruåna, og det førte til store demonstrasjoner, kalt "Mardøla aksjonen" for å verne fossen. Turen opp til fossen fra parkeringsplassen i Mardalen er ca. 2 km, og det tar ca. 1/2 time å gå stien opp dit. Man kan gå helt inntil fossen, men det er vått og brusende der, så det anbefales at man tar med regntøy. Eikesdal Bygdalag har montert et lite hus med gjestebok i, som det oppfordres til å skrive seg inn i.

 

Mardalsfossen i sine velmaktsdager før ut- byggingen i 1970. Den totale vannføringen for Ytste Mardøla og Mardalsfossen var på det meste målt til 45 m3/sekund.

 

I 1997 ble det gjort basehopp fra toppen av Mardalsfossen, og det har også blitt utført isklatring i fossen.

Utdrag fra heftet "Til Eikesdalen" av Bjørn Austigard:

Mardalsfossen har vore ein turistattraksjon fra 1870-åra. Før det var det så godt som ingen - utanom bygdafolket - som visste av denne naturperla. Kvifor? Jau, fossane var for store og elva for utøymeleg til at vatnet kunne brukast til t.d. kvern eller sagbruk. På 1800-talet kom det så folk utanifrå og fortalte at Mardalen bydde på store naturopplevingar. Etter den tid har det vore skrive og sagt mykje om Mardalen, Mardøla og Mardalsfossen. Dette har gjort at staden har vorte kjent. Mellom Mardøla og Ydste Mardøla - fremst frammi Mardalen heiter det Julgrøet. Namnet fortel at her veks det jul, dvs. ein sort kvann som folk i eldre tider gjorde seg bruk av. Her inne er det lite sol, og på det nedste fallet i Mardalsfossen skin det aldri sol. Det øvste fallet derimot er velsigna med litt sol midtsommars rundt kl 03:00, men det er det ikkje så mange som har sett. Til høgre for Ydste Mardøla er det eit gjel. Dette heiter Martinskora, og her er det ein slags stig slik at ein kan komme seg opp på fjellet dersom ein ikkje lett blir svimmel.

 

Eikesdalingane som hadde selt Mardøla til direktør Blakstad i 1907, hadde sett for seg ei lokal utbygging. Når no vatnet vart ført bort frå Eikesdalen for 3. gong, protesterte dei på dette. Vart det ikkje utbygging i Eikesdalen, skulle heller fossen få renne som han var. Bygda hadde bruk for vatnet i elva slik at liv og miljø skulle bli bevart. I fellesskap sette eikesdalingar, eresfjordingar og naturvernarar frå heile landet seg mot anleggsmaskinene, og det 20. juli 1970 kom det til open stris i Sandgrovbotnen. Kraftutbyggarane fekk sitt gjennom, men "Mardøla aksjonen" - som den første i sitt slag i landet - fekk mykje å seie for seinare kraftutbygging. Og utan denne aksjonen hadde neppe Mardalsfossen fått renne kvar sommar. Vassmengda er riktignok sterkt redusert i høve til det opphavelege, men naturopplevinga i Mardalen, med og utan foss er som natt og dag. Arbeidet med overføringa av Mardøla, Ytste Mardøla og Bruåna var ferdig i 1974.

 

World Waterfall Database har rangert Mardalsfossen på andre plass i Europa både på størrelse og estetikk og 13 plass hva gjelder høyde.

På verdensbasis kårer de Mardalfossen til verdens 3. mest naturskjønne.

 

Kommunevåpenet for Nesset er en stilisert foss på blå bunn.

press to zoom

press to zoom

press to zoom

press to zoom