top of page

 

Per-Nilse spranget

 

For å komme til Per-Nilse spranget, parkerer du ved gardane på Finset, og går til enden av skogsvegen innover dalen.
 

Turen innover den tronge dalen er ei oppleving. Du kjem først til den trolske Hissura som har litt av kvart å by på. Her kan du ta av stigen og gå ned til Per-Nilse spranget, der det no står to gamle brukar. Segna fortel at ein fredlaus mann som heitte Per-Nils skal ha hoppa over elva her for å sleppe unna «mannhysingen» som var etter han. Det er ikkje kjent kvifor dei «gjekk mann av huse» for å jage han. Vi veit heller ikkje sikkert kva veg han hoppa, men det er rimeleg å tru at han hoppa frå Hissur-sida mot Løypli-sida. Brua som har gått over her var bygd for at folk og krøter skulle kunne utnytte naturresursane på andre sida av elva.

 

Utdrag fra "Til Eikesdalen".

bottom of page