Reita-almen i 1874

 

Skrevet av Bjørn Austigard.

 

I fordraget mitt om ”Ur-eikesdalingen” på årsmøtet i Eikesdal bygdalag, sa eg nokså mykje om treslaget alm. Eg foreslo at almen kunne vere noko å satse på når dalen skal marknadsførast. Presentasjonen starta med det vedlagte bildet frå Reitan frå 1874, og eg kunne då vise at fasongen på Reita-almen i 1872, 1888 og 1972 er så godt som uendra. Slik er det med svært mange gamle almar i Eikesdalen: Dei er som skulpturar i landskapet.

 

Korleis kan vi så vite at bildet er frå 1874? Det har vi trondheimspatrioten Olaus Schmidt å takke. Han besøkte Eikesdalen i 1946 og budde då på Reitan pensjonat.  Der fekk han sjå det same bildet på eit postkort, og Trond Reitan opplyste at det var’n Jørgen B. Lysholm frå Trondheim som var på besøk. Trond fann også fram den gamle skyssboka, og der stod alle personane innførde i året 1874. Schmidt kunne då identifisere alle: ”På en alminnelig langvogn som kjøres av Clara Lysholm født Due sitter kjøpmann Christian Matheson (sen.), medinnehaver av firmaet Jacob Matheson. Bak på vogna sitter fru Thora Matheson f. Oppegaard og den kjente trondhjems-forretningsmannen og mesén, konsul O. K. Lysholm. I et oksespann, som kjøres av senere doktor Bjarne Lysholm, den gang elev ved Katedralskolen, sitter barna: Senere kjøpmann Birger Matheson, i hvit cape, og to småpiker, Antonie Lysholm og Johanne Matheson, som begge døde i ung alder. Skyss-stasjonen  i bakgrunnen og en gårdsgutt leier oksen som er spent for barnas vogn”.

Det var Jørgen B. Lysholm som tok bildet, og han som held oksen, er Hans Torsteinsen Utigard f. 1861. På dette tidspunktet var det berre eit bustadhus i Reitan.