top of page

 

Sagnet om ormen i Eikesdal

 

I Eikesdal finns det ikkje orm i dag, og dette sagnet fortel kvifor.
 

Det skulle vere gruseleg fullt med orm i Eikesdalen før. Det er truleg au, slik som her det er med urd og skog og rett ormelende og heitt. Men so var det på Oppigard ein konge, som heitte Trygge, og han fikk hit ein finne som kunne gjere åt ormen. Dei køyrde til rettes mange lass med ved, og gjorde opp bål oppi Kjeurda. Så begynte finnen å mane, slik at ormen kom rennandes frå alle kantar. Han stod med ein kjepp og vippa ormen innpå bålet etterkvart som han kjem. Men tilslutt kom det ein orm som var so groveleg stor, som ein timberstokk, og han tok finnen med seg på bålet. Sidan skal her ikkje leve orm i Eikesdalsmarka so lenge slekta hans Trygge * sit på Oppigard. Men det er mykje tå nå, so snart du kjem utfor Eikesdalsgrensen. Det hender seg at ramnen kan kome berandes med ein og annan, men det blir ikkje lenge før dei gjeng før di. 

* Dette gjeld slekta på garden til Torstein Oppigard.

 

Utdrag fra "Folkeminne frå Romsdal, eventyr og segner" ved Olav Rekdal utgitt i 1933 av Romsdal Ungdomssamlag. Den historia er det Guri Finnset, f. 1840 som har fortalt til forfatteren.

 

bottom of page