top of page

 

Fangstminne i Eikesdal

 

Jakt og fangst var det som lokka dei første menneska til Noreg. Somme padla over sundet frå Nordsjøfastlandet, området mellom Danmark og England som no ligg på botnen av Nordsjøen. Andre europearar følgde reinsflokkane nordover for om lag ti tusen år sia, då storisen trekte seg tilbake.

 

Reinsjeger er, om ikkje verdas eldste yrke, så i alle fall eldste yrket her i landet. Eg vil tru ein dyktig reinsjeger hadde svært høg status i flokken. Ingen veit når dei første menneska kom til Eikesdalsområdet. Det kan godt vere at jeger- og samlarfolk følgde reinsflokkar i desse strøka for 6-9000 år sia. Om dei let etter seg spor som me kan tidfeste nokon gong, veit me ikkje. Men me veit det er mange spor etter fangstfolk frå langt, langt tilbake i tid i Eikesdalsfjella.

 

Reinsjakt i våre dagar

Tekst: Per Einar Strand.

 

Etter at vegen opp Finnsetlia vart ferdig har det vore lettvindt å kome seg til fjells for eikesdalingane når dei skal på jakt. Men sjølv om dei kan køyre til fjells, blir det ofte lange turar og tunge bører når ein jaktar rein. Interessa for reinsjakta er stor i Eikesdalen, og jakttradisjonane er lange og gamle. Når jakta startar 20. august, dreg mann av huse for å delta i haustens høgdepunkt. Forresten er det ikkje lenger rett å bruke uttrykket ”mann av huse”, for i dag deltek mange kvinner i jakta og.

 

Gamle fangstminne

Bogestøene (hesteskoforma steinmurar opptil 1 m høge, diameter 1,5-3 m som jegerane gøymde seg bak ) og dyregravene, og ikkje minst pilefunna i fjellet, fortel oss tydeleg at reinsfangsten måtte ha betydd ein heil del for forfedrane våre. Ein stor del av pilefunna er gjort i nærleiken av snøbrear. Det kan tyde på at smygjakt eller lurjakt på breane var vanleg. Menneska kunne ligge i skjul ved steinar og vente på at reinen skulle kome ut på breane på varme seinsommardagar. På den måten kunne skyteavstanden bli høveleg for pil og boge. I Eikesdalsfjella er det restar etter mange fangstanlegg. I denne artikkelen nemner eg berre kort eit par, tre av dei:

 

Trollvassosen

ligg på austsida av Eikesdalen. Ein fire-fem timars marsj frå garden Seter i Eikesdalen finn me restane etter eit heller stort fangstanlegg med både leiemur, dyregraver og bogestøer (Aursjøen 1419 IV, kartref. 636274), ca. 1230 m.o.h.

Anlegget ligg mellom elvane frå Trollvatnet og Langvatnet, rett før elvane renn saman. I dag kan me telje 10-11 bogestøer, to dyregraver og ein leiemur på 40-50 m. Langs elva frå Trollvatnet er det rasa ut ganske mykje stein og annan masse. Det kan altså ha vore fleire dyregraver og bogestøer her.

Dette fangstanlegget ligg i eit godt reinstrekk frå Kjøtåbotnen innover mot Trollvatnet og Ramnåhøene.

Det har vore lagt ned mykje arbeid i dette systemet. Begge dyregravene er mura oppå bakkenivå. Kan hende var det mindre arbeid å mure ei slik grav enn å byggje ei grav under bakkenivå. Ein kunne starte bokstaveleg talt på berr bakke – med å mure grava før ein fylte stein inntil murane, slik at det heile tredde fram som den mest attraktive passasjen for villreinen.

Ytste Bortre Ramnålefta

I denne lefta (Aursjøen 1419 IV, kartref. 677261) ligg det ei einsleg dyregrav som framleis er i nokonlunde bra stand. Ho ligg midt i reinstrekket slik det tydeleg visest i terrenget den dag i dag. Andre fangstanlegg er ikkje kjent i nærleiken. Grava ligg heller høgt, om lag  1310  m.o.h. Restane etter leiegjerda av stein er tydelege den dag i dag. Leiegjerda går som forlenga diagonalar 4-6 m frå kvart hjørne av dyregrava. Grava har fanga dyr som trekte begge vegane gjennom lefta.

 

I Grovåskardet

(kartref: Romsdal 1319 I, 593152), skardet mellom Kalbottinden og Grovåkampen, ligg det eit heller stort fangstanlegg. Heile skardet er stengt av ein lang steinmur. I muren er det plassert åtte dyregraver. Dei er, med eitt unnatak, mura over bakkenivå. Gravene trer fram som naturlege bruer over stengegjerda, som har vore opp til 1,8 m høge. 

Det har vore lagt ned svært mykje arbeid i dette anlegget. Fleire hundre kubikkmeter steinmasse har vorte flytta for å lage fangstanlegget.  Men dei som bygde det, visste nok kva dei gjorde. Fangstanlegget praktisk talt stengjer eit sentralt reinstrekk mot dei vestlegaste delane av Snøhettaområdet (området mellom Romsdalen og Eikesdal-/Eresfjordvassdraget).

Reinen passerer området på trekk både utover og innover fjella, og det kan vere tett mellom flokkane. På ein enkelt dag tidleg på 1960-talet passerte om lag 1200 reinsdyr dette skardet (kjelde Øystein Mølmen: Villreinen i Snøhetta).

Mange andre fangstanlegg i området kunne ha vore nemnt, men dette får vere nok i denne samanhengen.

Eit av spørsmåla me gjerne vil ha svar på, er kor gamle anlegga er. Sannsynlegvis vart dyregravene brukt fram til midt på 1300-talet. Med Svartedauden gjekk dei ut av bruk. Bogestøen kan ha vore brukt etter den tid.

 

Skreddarbua og andre kulturminne

Skreddarbua har fått namnet sitt etter byggmeistrane. Dei var skreddarar frå Eikesdalen. Som anna folk hadde dei og lyst på jakt. Dei ikkje berre såg behovet for ei bu å overnatte i. Dei gjorde noko for å dekkje trongen: dei mura ei steinbu. Der kan 3-4 godt forlikte menn overnatte. Så seint som sist haust overnatta det folk i den om lag hundre år gamle bua.

Dag Ringstad står i døropninga på Trondhytta. Steinbua er svært vanskeleg å finne,
viss du ikkje veit akkurat kvar ho er.

Ikkje langt frå ”Skreddarbu” ligg ”Trondhytta”. Den sette Trond Utigard opp på 1920-talet. Han var ein av mange ivrige reinsjegerar frå Eikesdalen, ein av dei det har gått gjetord om heilt til våre dagar.

Begge desse hyttene ligg forresten på Lesjaterreng, men dette er område folk frå Eikesdal har jakta i frå gamalt av, og det gjer dei framleis.

 

Jakttradisjonane er lange i Eikesdalen, og mest alle mannfolk i bygda driv jakt. Slik har det vore, og slik er det.

I tidlegare tider måtte eikesdølene og folka som budde langs Eikesdalsvatnet, ta seg opp dei bratte liene for å kome til fjells. Når folk først drog på jakt, vart dei borte minst to-tre dagar, helst lengre. Det var vanleg å vere i fjellet til dei hadde fått tak i dyr, viss det ikkje gjekk alt for lenge.

 

I fjellområda på begge sider av Eikesdalen er det mange leger og steinbuer. Somme leger er svært enkle. Det kan vere snakk om ein steinhellar med enkle murar mot verste vinden. Andre stader er det mura og tetta kring hellarar, slik at det har vorte gode overnattingsplassar som har vore i bruk heilt til i våre dagar.

Langt uti Stordalen er det fleire steinbuer. Lesjingar som hadde oksar på beite så langt vest i fjella, mura desse buene tidleg på 1900-talet. På same tida var det forresten seterdrift på Alfsetra ved Aursjøen, eit par kilometer frå der Ausjødemninga er i dag. Alfsetra og dei andre stølane vart neddemte tidleg på 1950-talet.

 

Ein times tur vest for Aursjødemninga utover Stordalen, står Lesjahytta. Den sette lesjingar opp som gjetarbu.

Heilt til slutt vil eg nemne at det sommars tid er opp mot tusen villrein som beiter i Eikesdalsfjella. Denne stammen vil me ta vare på, til glede for oss sjølve og for etterslekta.

bottom of page