Raset på Sæter 1858

 

Utdrag fra "Gards- og Ættesoge for Nesset VII" av Bjarne Skorgen
 

Blant de mange Steder, som i disse Dager ere blevne hjemsøgteaf ulykken ved Sneskred, er ogsaa Gaarden Sæter i Ekesdalen. Om aftenen den 12te dennes blev Husene på Pladsen Einangen under bemeldte Gaard borttagen. Den usædvanlige Snemasse gjorde, at Beboerne anede Ulykken, og de vare derfor just ifærd med at forlade deres Hjem og flytte til Gaarden Sæter; men de tøvede (dvs. drygde) for lenge. Skredet kom, bortførte Vaanings- huset og Fjøset og borttog 3 Mennesker samt Kreaturene, ialt 3 Storfæ og 12 sauer. Imidlertid lykkedes det dog ved tililende Hjælp at oppgrave 2de Mennesker medens de vare ilive, hvorimod 1 Barn paa 12 Aar, allerede var dødt.- Kreaturene var allesammen kreperede. Under denne Tilstand måtte de forlade deres Hjem, men det viste sig snart at der, hvor de troede at finde et sikrere Tilflygtssted, nemlig paa Gaarden Sæter, just netop i fuldt Maal blev Gjenstand for Ødeleggelsens Vederstyggelighed Næste Morgen Kl. 5 løsnede i det bratte Fjeld, der rager lige op over Gaardens Huse, et Skred. Med Undtagelse af en 3 á 4 Menneske laa alle gaardens Folk endnu i Søvnens Arme. Af Gaardens Opsiddere, 3 i Tallet, ere de to rent husvilde. Den ene af disse, Erik Johnsen, laa i Sneen og havde et 10 Aars gammelt Barn hos sig i Sengen. Ved siden af ham i en anden Seng laa et ungt Barn, omtrent 2 Aar gammelt; disse bleve nu revne ud af deres Leie og indklemt under Træstumper, Sten og Sne. Faderen hørte sine Børns Jammer uden at kunne hjelpe, og i denne Elendighed laa de der fra Kl. 5 om Morgenen den ene Dag til Kl. 10 den anden, da det nemlig lykkedes ved Folk nede fra Dalen at arbeide sig igjennom den 8 Alen dybde Sne, og fik disse 3 bragt op med Liv. Værre gik det dog med denne Mands 3 ældre Børn, der laa på Loftet. Af disse blev det ældste strax kvalt under Sne og Grus; de 2de andre fandtes efter 30 Times Forløb ilive, men den ene i en ynkelig Forfatning. Eriks Broder, der ogsaa laa paa Loftet, fandtes ogsaa død og frygtelig lemlæstet. Af 13 Mennesker, der bleve begravne, fandtes i alt 9 igien ilive, men flere mere og mindre beskadigede. En anden af Gaardens Opsiddere, Baard Baardsen, mistede sin hele Buskap, 20 Storfæ og cirka 40 Smaafæ. Man sporede længe Liv i enkelte Kreature, men det var umuligt for den Mængde Sne samt Stok og Sten, hvorunder de laa, at faa redde noget. Det eneste Middel, man tildels maatte gribe til for at gjøre deres Pine kortere, var at skyde enkelte ihjel. Ogsaa paa nabogaarden Finset er til samme Tid Huse og Kreature blevne Ødelagte af Sneskred."

 

Desse omkom i dei to fonnene:

1. Ungkar Ole Halvorsen Sæter, 53 år.
2. Ungkar Jon Erikson, 14 år.
3. Brit Martinsdotter, 18 år.
4. Anne Trondsdotter, 9 år.

 

I kyrkjeboka står denne korte kommentaren: "Alle bleve begraved om Morgenen i en Sneskred, og optoges døde. Heste og Kreaturer omstyrtedes og dræbtes." Slike store ulukker vert ofte skildra i detalj for etterslekta med visse mellomrom. Når det gjeld ulukkene på Sæter, har Helga Øverås Oppigard skildra dei i ein artikkel i "Romsdals Budstikke" under tittelen "Også eit hundreårsminne" (15/4 1958), og vi tek med dette her: "Enno finst det ein og annan i Eikesdal som kan fortelja frå gamle dagar, hendingar som foreldra deira fortalde om.

 

Våren 1858 låg det óg is på Eikesdalsvatnet, meinis som dei sa, og då var det ingen ”Eikesdal" til å baksa i isen. Med robåt var det uråd å koma fram, det kunne gå fleire veker utan samband med omverda. Ein skilaupar til eller frå Lesja var vel einaste sambandet. Og folk fekk greia seg som best dei kunne. Det kom uvanleg mykje snø i Eikesdal den våren. Det snøa i eitt frå vårsmøss (25. mars) til sommarmål (14. april). Bratte fjell reiser seg kring dalen, og folket tok til å ottast for snøskred. Verst var det på Setergardane, 7 km framme i bygda.

 

Der var 3 gardar, og husa låg tett innunder fjellsida. Einangen var plass under ein av Setergardane, og ligg litt lengere mot bygda. Ein dag i april stabba ei 9 år gamal gjente frå Reitan på ski opp over dalen, ho skulle til morsyster si i Einangen. Morsyster hadde ikkje born sjølv, ho hadde betre tid enn mor nede på Reitan, så skulle ho læra veslegjenta å lesa. Tidleg om morgonen 13. april kom eit snøskred rausande ned over fjellsida, husa i Einangen brotna saman, ein bjelke råka veslegjenta, og så var ikkje Anne Trondsdotter Reitan mellom dei levandes tal meir. Sonen i huset, Sivert, var ikkje inne då ulukka hendte. Då han kom til stades, måtte han kliva ned skorsteinspipa for å koma inn. Faren, Tomas, låg i bende (låg fastklemd) men var uskadd. Likeins mora, Marit. Folket på Setergardane fekk snart greie på det som hadde hendt i Einangen, og alle som ein fekk ein stokk. Dei ottast kva som vidare kunne henda, men kva skulle dei gjera? Det var ikkje så liketil å dra ned i bygda med stort og smått, folk og fe. Ingen veg, snøen låg meterhøg, og mange stader fårleg for snøskred. Dagen gjekk, kvelden fall på, folket måtte roa seg kvar med seg, så fekk det i Guds namn gå som det kunne. Og like før midnatt kom storfonna. Erik Jonsen Seter heitte mannen på ein av gardane. Han var enkjemann og låg nede i stua. I sengbenken låg yngstebarnet, Gunni, 1 årgamal, saman med hushaldaren, Søgni. Gardshunden låg og inne. Brått tok den til å gøy, og storma mot døra. Søgni stod opp og let opp døra. Med det same kom fonna, snøfoket stod inn både om glas og dører, og huset riste og skok. Sengbenken med barnet kvelvde, barnet vart liggjande under benken, ingen kunne hjelpa. I kammerset låg tenestegjenta, Brit Høvelreiten. På loftet låg tri born i ei seng, i ei onnor seng låg halvbror til Erik Seter, Ole Halvorsen Seter. Den andre garden var det to brør som åtte. Det var Tomas og Halvard Halvardson Seter. Fonna tok stallen, og 3 hestar omkom. Elles vart både hovudbygninga og fjøset ståande. Bård Bårdson Siira åtte den tridje garden. Han og kona, Marit, hadde ikkje lagt seg enno då fonna kom. Glasa vart sundsprengde, og Bård og Marit vart førde ut i gangen. Det tok til å lysa av dag då Marit og Bård Siira endeleg fekk grava seg ut or huset sitt. Dei hadde forvissa seg om at alle på garden var i live, men mykje av innbuet deira var Øydelagd. Men for eit syn som møtte dei ute! Stallen stakk halvveges oppav snøen, resten av uthusa sopa vekk. Stokkar og bjelkar stakk her og der opp gjennom snøen, men ikkje ein lyd høyrdest frå fjøset. Hjå Tomas og Halvard Seter grov og folket seg ut med eiga hjelp.

 

Kårhusa og fjøset var synleg hjå Erik Seter, men etter hovudbygninga såg dei korkje stokk eller stein, berre sno, snø, snø. Marit og Bård skjøna snart at her måtte det hjelp til skulle det vera von om berging for folk og fe. Dei var unge og spreke båe to. Marit var frå Lesja, ho var så å seia oppvaksen med ski på beina. Saman ville dei gå og henta hjelp. Bakke opp og bakke ned krongla vegen seg fram ved sida av det 2 km lange Litlevatnet. Men den vegen var stengd av store snøfonner. Så var det ikkje anna å gjere enn å gå over isen. Sommarmål var det ingen trygg is på Litlevatnet, der var veroser eller hol i isen over alt, og mange har gått seg uti der, og aldri kome opp att. Desse to hadde ikkje nokon annan veg å velja, fram måtte og skulle dei, og fram kom dei. Då dei gjekk over Urdan var det så mykje snø at berre største steinane stakk opp. Elles var det slett. Dei kom fram til folk tidlegdag, og bodskapen om ulukka gjekk frå gard til gard. Ikkje lenge etter drog ein mannshysing framover på ski. Reidskap hadde dei med seg, på Seter var det uvisst om dei fann noko å hjelpa seg med. 1 1/2 døgn gjekk før dei vart framgravne, dei som låg i fonna. Erik Seter låg i senga si, han trudde aldri han skulle få sjå dag meir. Så hendte det utrulege at snøen vart måka vekk, og han vart hjelpt opp i dagen og til livet att. Veslegjenta Gunni, låg framleis under den kvelvde sengbenken, kanskje var det likevel den som redda livet hennar. Brit Martinsdotter Høvelreiten var død. Ho var 19 år gamal. På loftet låg Ole Halvorson død i senga si. Han var 53 år. Senga som dei tre borna låg i, stod attmed ei loddpipe. Den hadde ramla ned, den eldste av borna, Jon Erikson, 14 år gamal, var død. Broren Hans hadde fått stygge sår på føtene. Den tredje av borna var uskadd. Langt om lenge vart dyra til Bård Siira framgravne. Berre to kyr levde, ei som kårfolket åtte, og ei av deira eigne. 26 dyr vart gravne ned i ei grav på Førskota. Hestane levde. Ovanfor sjølve garden hadde Bård bygd eit hus. Det var eldhus og stabbur i første høgda, arbeidshus i den andre. Fonna tok huset med seg og førde det lengere ned, på ein stor stein eller hellar. Då snøen gjekk vekk, låg husa i røys oppå hellaren. Ei kornbøle med mange tunner korn i, fann dei og att der. Det var korkje kyrkje eller kyrkjegard i Eikesdal den tida, så dei måtte til Eresfjord med dei døde, til Sira kyrkje. Ein dag uti mai var endeleg isen på Storvatnet borte, og fem båtar vart skuva på vatnet. Dei fire første båtane hadde kvar si kiste med seg. I den femte båten sat den 12 år gamle Hans Seter. Han skulle til Eidsbygda til doktor. To mann på kvar båt sat ved årane, og med seige tak rodde dei det 18 km lange Eikesdalsvatnet. Det singla i sprø nattis. Store snøfonner låg nedover mot vatnet, men lauvskogen grønkast og kvitsymra spratt. Atter kom ein ny vår dei i møte. På Seter hadde dei ein dreng frå Lesja i den tida. Jørgen Brekken, heitte han. Han skreiv ei vise om denne sørgjelege hendinga. To vers har overlevd hundreåret:

 

I april måned dette hendte,
Den trettende man skrive må
I året 1858 når skjæbnen den mon over gå
Men det Guds vilje så mon være
At folket blev i slik forakt.
Thi han som tager og giver,
Han reiser det som er nedlag

 

En skjebne stor Gud lot ut sende
blandt folk som her i egnen bor.
Den fromme lykke snart seg vendte
Til et uhel som var ret stor.
På gården Sæter i Eikesdalen
blev hus og hjem i slet forakt
Thi han som tager og som giver
Han reiser det som er nedlagt.

© 2016 by MSF

Copyrights