top of page

 

Krafthistoria i Eikesdal

 

Den viktigaste hendinga i kraftsoga for Nesset starta i 1906, då direktør Ragnvald Blakstad tok til med kjøp av elverettane i Eikesdalen og vassrettane som høyrde til på høgfjellet. Før 1912 hadde han - delvis gjennom stråmenn - fått hand om alle desse rettane, til ein samla pris på 70.950 kr. Før 1913 hadde han vidareselt rettane til a/s Aura for 1.344.820 kr.

Utdrag fra boka "Straum på veggen i Nesset" av Trond Hedde Bergh.

 

Vasskrafta frå eit nedbørsfelt på til saman ved 780 km2 var dermed teken ut av hendene på folket i Nesset. Utnyttinga av denne vasskrafta fekk verknad ikkje berre for området her på Nord-Vestlandet, men for heile landet. Utbygginga strekte seg over ein periode på meir enn 50 år. Historisk fram­stilling av denne utbygginga sprenger totalt rammene for denne boka, og høyrer altså heller ikkje heime her - geografisk sett. Men samtidig fekk dette oppkjøpet og denne utbygginga verknader for kraftforsyninga i Nesset, og dannar bakgrunn og ramme for det meste som skjedde seinare. Difor skal vi i dette kapitlet gje eit kortfatta oversyn: Blakstad var berre ein storspekulant, som ikkje eigentleg hadde interesse av å nytte ut vasskrafta til beste for folk i området. Han kjøpte vassrettar mange andre stader i landet og, m.a. Tokkefalla og Arendalsvassdraget. Men han var typisk for si tid.

 

Rundt århundreskiftet var det ei stortid for industriutbygging i Noreg. Den tekniske og økonomiske utviklinga var så langt komen at det låg til rette for stordrift, ikkje minst når det galdt vasskraft. Det var ei tid for spekulantar og jobbarar: ei «gründertid». Det var og ei tid med rovdrift på menneske og natur, med ti timars arbeidsdag og lite med arbeidar- og miljøvern. Staten låg etter når det galdt å utforme lov- og regelverk: Brukbare konsesjonslover tek vi først til å få i 1909 («hjemfallsretten»), og med lov av 14 desember 1917 («den alminnelege konsesjonslova») fekk samfunnet eit våpen til å sikre interessene til dei mange, mot dei få innan- og utanlandske spekulantar.

 

Usynlege gullklumpar i elvane

Konsesjonslovene kom altså for seint til å hindre at Blakstad fekk hand om vassrettane i Eikesdalen. Men han måtte søke konsesjon for utbygginga. Og første gong kraftutbygging er nemnt i protokollen for Eresfjord og Vistdal kommune, er 21. juli 1910, under sak 8: «Andragende fra direktør Blakstad om ret for aktieselskapet Aura til at erhverve forskjellige dele av Aura og Mardøla i Eresfjord og Vistdals herred samt om ret til at foreta regulerings og andre arbeider for utbygging av vandkraften i vasdragene m.v.

 

Uttalelse ad

  • Herredstyret har intet at erindre imot, at konsesjon under denne post meddeles.

  • Likeledes at foreta de nødvendige regulerings- og andre arbeider for at randkraften i vasdragene alt overenstemmende med vasdragsloven.

  • Ret til at anlægge jembane fra Osen til Nøste og

  • ret til i ovennævnt øiemed at erhverve enten fast eiendom eller bruksret over saadan uagtet der sitter utlændinger i aktieselskapet».

 

Vidare følgjer ein del kommentarar frå herradsstyret til ymse punkt i søknaden. Dei viktigaste var:

  • Herradsstyret meiner vassdragsdirektøren sitt framlegg om kr. 50.000 deponert for å dekkje erstatningskrav bør aukast til minst 500.000.

  • Jernbanen må opnast for ålmenn trafikk, og få stoppestad på Torhus og Nauste.

  • Full erstatning til elveeigarane for skader på laksefisket.

  • Kommunen må få ei årleg konsesjonsavgift på kr. 1,25 for kvar hestekraft «over 500».

 

Blakstad hadde kjøpt også Lilledalsvassdraget, og selde det og vidare til A/S Aura. Og dette selskapet får i 1913 konsesjon etter «alternativ II» dvs. utbygging av kraftverk både i Sunndalen og i Eikesdal/Eresfjord. Arbeidet i Litjdalen tok til nokså omgåande, med rundt 2000 mann i arbeid ei tid under første verdenskrigen. Det skapte ei Klondike-stemning i dette området, som vi har vanskeleg for å skjøne idag. Eikesdal skulle få industri og trikk, og skular for ungdommen. På Nauste skulle det vekse fram ein by. Blakstad fekk handgjeve område frå fleire gardar, og bankar og kommunen sikra seg og område. Men, arbeidet stoppa opp p.g.a økonomiske vanskar, og vi må heilt til 1927 før a/s Aura tek saka opp att.

 

I 1946 overtok den norske staten heile anlegget og alle rettane.

 

Takrenneprosjektet

Stortinget gjorde i 1958 vedtak om at elvane Høvla, Leipåna og Breimega sør for Eikesdalen skulle «kuttast av» med tunellar og overførast til Aursjøen. Dermed vann ein inn eit nedbørfelt på 93 km2. 14 km tunell vart bygd i alt, og anlegget stod ferdig i 1962. Dermed hadde Eikesdalen gjeve frå seg enno meir vatn, og det vart lagt 100 kW til dei 75 kW «gratiskraft» folket fekk frå før. Det vart og gjeve ei viss erstatning i kroner og øre. I samband med dette prosjektet uttalte NVE m.a.: « i og med Takrenneoverføringen anser man grensen for den reduksjon av Aura felt som kan skje uten uforholdsmessige store skadevirkninger for nådd. Planen med å bygge ut Mardøla ved overføring av vannet til Romsdal bør derfor etter Hovedstyrets mening skrinlegges». (St.prop. 98/58).

 

Var det ikkje att meir gull i elvane?

 

Mardøla

Ein kan ikkje alltid lite på ekspertar. Stikk i stid med det Hovudstryret NVE uttalte i -58, gjorde Stortinget vedtak om konsesjon for den tredje utbygginga i området, alt i 1969. Vedtaket gjekk ut på å overføre Mardøla til Romsdalen, og bygging av Grytten kraftverk. Mardøla-utbygginga var den første verkeleg store interessekonflikten mellom «kraftoptimistar» og naturvernarar, og er elt klassisk døme på konflikt mellom storsamfunn og utkant. Her er ikkje tid og stad til å greie ut om Mardøla-aksjonane sommaren 1970. Vi minner om avisbiletet av filosofiprofessoren Arne Næss som blir boren vekk frå anleggsområdet av to sterke norske politimenn. Biletet gjekk verda rundt, og skapte ikkje berre positiv omtale av den norske Staten.

 

Økonomisk godtgjering - i dag

«Erstatningskrafta»: Eikesdalingane har framleis sine 175 kW fordelt på heile bygda, etter skyld. Dei 400 kW som Eresfjord og Vistdal kommune fekk til spesialpris gjekk ved kraftverksamanslåinga i 1974 inn i «felles-buet», og kjem såleis alle innbyggjarane i storkommunen til gode.

 

Vasskraft i Eikesdal

 

År       Utbygd elv   Ansvarlig   Effekt

1936  Bruåna, Eikesdal kraftverk a/l, 20 kW

1940  Breimega, Nikolai Finset, 16 kW

1942  Trobekken, Øvre Vike Paul Vedal, 0.5 kW

1946  Vikeelva, Henning Vike, 11 kW

1954  Oppkomme ved seterfonna (Hoemsetra), Tore Karijord, 2 kW

1955  Trobekken/Ålebekken, Paul Vedal, 5 kW

1986  Vikeelva, Nesset Kommunale Kraftselskap. 32 kW

 

Nikolai Finset tok opp tanken om å bygge kraftverk ved Breimega i 1940. Det vart laga ein plankedam oppunder fjellfoten i Breimega, og vatnet gjekk i ei trerøyr (12") ned til stasjonen som ligg omlag 150 m vest for husa på garden.Her vart montert ein Francisturbin å¨25 hk som dreiv ein 16 kW likestraumsgenerator. Stasjonen var bygd av tilhoggen gråstein, med torvtak, og står enno. Verket leverte straum berre til den eine garden til lys og varme. Det var i drift fram til årsskiftet 50/51, då Aurastraumen kom. Tønnes Haukebø var konsulent under byggunga, og han kjøpte maskinene og selde dei vidare til Island då verket vart nedlagt.

 

Eikesdal Kraftverk 1936-1951: Eikesdal hadde venta på storutbygging av kraftverk i bygda heilt sidan tidleg i hundreåret. Då Blakstad kjøpte fallrettane til Aura var det tale om å bygge både kraftverk, fabrikkar og elektrisk jembane i dalen. Då a/s Aura fekk første konsesjonen i 1913, var det alternativ II som vart vedteke, nemleg utbygging både i Sunndalen (Lilledalen) og i Eikesdalen. Det var tale om å bygge ut både Mardøla og Aura. Men tida gjekk, og ingenting skjedde. I 1931 fekk a/s Aukra ny konsesjon, og denne gongen for samla utbygging i Sunndalen, og overføring av Aura. No måtte bygdefolket sjølve til, skulle det bli elektrisk kraft. Ole Hollingsæther vart konsulent for utbygginga. Han kom til at Bruåna måtte vere rette plassen. Mange av dei eldre tala sterkt imot dette, for Bruåna var kjent som ei vanskeleg elv. I flaumtida fører ho mykje stein og grus, og til sine tider kjem ho veltande med store mengder is og snø. Men Hollingsæther meinte ein kunne gardere seg mot dette ved å bygge ein kanal på 15 m før inntaksdammen. Kanalen måtte skytast ut, sementfogast, og skulle verke som klaringskomme. Hollingsæter laga no eit samla overslag over utbygginga, og kom til 10.000 kr for eit verk på 20 kW. Partar vart teikna, ialt var det 20 andelshavarar i dette verket. Kontrakt vart skriven med Hollingsæter. Andelseigarane utførte 897 dagsverk til saman. I tillegg kom linjestrekking og installering, der innleigde folk arbeidde 111 dagsverk tilsaman.

 

Bygda fekk Aura-kraft ned frå Aursjøen i 1951. Maskinutstyret vart då selt til Tønnes Haukebø for kr. 8400.- Lina overtok EVK for kr. 9700.- Det vart altså overskott, og etter at alt uteståande var betalt, vart resten overdratt til partseigarane. Stasjonshuset vart selt til maskinist Harry Olsen, Eresfjord.

 

Verket ved Vikeelva vart bygd i 1946, og straumen sett på i januar 1947. Dette verket var i drift fram til dammen vart teken av flaum våren 1985. Heilt driftsikkert var det ikkje, og i kommunestyremøte 26. januar 1959 bestemte Eresfjord og Vistdal kommune at oppsitjarane på Vassgardane skulle få kr. 295.- kvar pr. år, som en kompensasjon for at dei ikkje hadde fått den rimelege straumen som dei andre innbyggjerane i kommunen nytte godt av. I 1969 sette EVK i drift dieselaggregat på Vike, og i 1986 var NKK ferdige med eit nytt vasskraftverk på 32 kW: Eikesdalsvatn kraftstasjon.

 

bottom of page