top of page

 

Mardalen

 

I Mardalen er det gammal furuskog, og tømmerskogen på Mardalsmoen stod heilt til storstormen den 20.desember 1988. Kring 3000 m3 skog bles då ned på nokre få timar, og med det vart den siste naturlege furumoen i Romsdal rasert.
 

Når ein går den gamle fotstigen frå vatnet og opp mot Mardalsfossen, går ein forbi fleire såkalla "gjerde" eller "reitar" på venstre handa. Desse vart godt inngjerda, slik at beitande krøter i utmarka ikkje skulle bryte seg innpå og ete opp den avlinga som skulle haustast. Det første gjerdet du kjem til heiter Brautreiten.

På 1800-talet ein gong var dei så plaga av at kyrne kom seg innpå akkurat dette gjerdet og gjorde skade på avlinga. Dette visste eigaren råd for. Etter ei vellykka bjønnajakt, tok han tarmane av bjønnen, skar dei opp i bitar og knytte rundt om på gjerdestaurane! Etter dette fekk han fred.

 

Utdrag fra heftet "Til Eikesdalen" av Bjørn Austigard

bottom of page