top of page

 

Bygg, havre, tørrår og borkabrød

 

Det har vore dyrka korn i Eikesdalen i uminnelege tider. Korn var årvisst, men det fanst dei åra at avlingane var svært små. Det største problemet var ikkje frosten slik som på Lesja, men tørrår eller skinår, som dei sa. Det var tørrår både i 1869 og 1870, og for å redde det som var, starta utigardingane skurdonna alt den 21. juli i 1870.
 

Det siste store tørråret var i 1901. Då var kornåkeren så tynn, sa Olav Finnset, at når far hans gjekk gjennom åkeren, kunne ein ikkje sjå kvar han hadde gått! Det året laga dei borkabrød på Finnset. Ingrediensane var: Mjøl frå lettkorn (bygg eller havre) og almeborkemjøl blanda med om lag 50% av kvart slag. Mjølet frå almeborken hadde så godt bindemiddel at deigen kunne kjevlast ut og steikast til flatbrød – borkabrød.

 

Kornet var gjerne kalla gudslånet. I Eikesdalen dyrka dei like mykje bygg som havre, medan dei ute i fjordbygdene jamt over dyrka ti gonger så mykje havre som bygg.

 

Då fotografen Axel Lindahl besøkte Eikesdalen i 1885, hadde skurdonna begynt. Han gjekk i land på Hoemsetra og fotograferte rorskarane sine mellom kornstaurane, og i Reitan møtte han Mildrid Eriksdtr. Sæter som han tok ikkje mindre enn tre bilde av. Vi tek her med der ho står med sigden sin saman med ein rorskar. Dei to står ved den store tolla som ein gong stod i attlegkanten på nedsida av (Vassle-) Hola om lag 100 m aust for Reitagardane. Det står ein alm der i dag. Mildrid var fødd 13. mai 1863. Ho gifta seg seinare og busette seg i Kristiansund.

Bjørn Austigard

bottom of page