Bustein frå Oppigard

 

Av Bjørn Austigard:

Ein bustein er ein hardpakka hårball som blir danna i magesekken på ei ku og eller ein sau. Det er svært langt mellom kvar gong nokon finn desse ballane, derfor vart dei sett på som nærast overnaturlege.
 

I fotoarkivet til Romsdals Budstikke ligg det eit bilde av ein slik bustein, og i håp om å finn ut kven som fann denne steinen, sette eg bildet inn i Budstikka på nytt. Det kom ingen reaksjon.

 

Ny bustein frå Oppigard

I samband med at eg har hatt to oppslag om dette emnet i Budstikka, kom eg i prat med Kristian Austigard om dette fenomenet. Då fortalde han at han fann ein slik stein-hard hårball oppi krubba til ei ku. Dette hende for vel 5 år sidan. Han trudde det var ei trekule og saga ho derfor av med skjerfil. Til si store undring fann han berre hår inni! Etter å ha vore i fjøset i meir enn 55 år, hadde han aldri sett noko liknande, men dyrlegen som han viste busteinen til, kjente til sorten.

Busteinen frå Oppigard måler 6,5 cm i diameter, og det er om lag det dobbelte av det eg elles har sett og lese om. (Foto Bjørn Austigard/Romsdalsmuseets fotoarkiv) 

 

Sjeldan, men kjent over heile landet

Fenomenet er kjent over heile landet. I Norsk Ordbok står det at busteinane er samansette av hår og ymse ”anna rusk” som har klumpa seg saman. Dei kunne brukast mot  sjukdommar og ein del andre ting. Her hos oss vart dei først og fremst bruka mot krøtersjukdommar, og etter som det var langt mellom kvar gong dei gjorde slike funn, gjekk dei i arv frå slekt til slekt. Den første som skreiv om busteinar her i Romsdal, var sokneprest Hans Saxlund i tidsskriftet ”Mål og minne” i 1919 der han omtala 2 stk. Han var styreformann i Romsdalsmuseet nokre år før dette, og han hadde sikkert fått dei inn til samlingane. I ”Gammalt frå Fræna 1992” omtalar Bjørn Ringstad dei to busteinane som Morten Drejer (f. 1919) har på garden sin på Tornes. Han fekk dei frå far sin som så hadde fått dei av mor si, og ho kom frå Setnes i Romsdalen. Dette er typisk. På Romsdalsmuseet har vi tre busteinar som museet fekk av vistdalingen Peder Andreas Meland i 1961. Det er to kvite (for kyr) og ein svart (for sau), og desse hadde han arva etter oldemor si frå Eresfjorden. Meland var då sorenskrivar i Dalarne (Rogaland) og hadde teke dei med dit. Truleg hadde han ikkje fått bruk for dei, så han sende dei like godt til Romsdalsmuseet som gåve.

 

Det er tydeleg hår å sjå inni busteinen. (Foto Bjørn Austigard/Romsdalsmuseets fotoarkiv)

 

Buvatn

Meland skriv dette om bruken: ”Steinane er til hjelp ved innvortes sjukdom på dyr, kusteinane for kyr og smalesteinane for sauer.  Busteinen vert lagt i ei bøtte med reint vatn og teke opp att etter 7 timar. Vatnet skal ein gje til dyret. Vil dyret ikkje drikka vatnet¨, skal ein lunka og blande litt mjøl i og by vatnet fram på nytt. Vil dyret enno ikkje drikka, skal ein prøva for tridje gong med litegran salt i. Dyret kjem seg og vert etterkvart friskare om det drikk buvatnet. Men om det ikkje vil ta vatnet, er det lita von om betring.”

Eg viste desse steinane fram for far min, Torstein Austigard (1908-1990), og spurde om han hadde tru på dette. ”Alle sjuke dyr har godt av litt lunka vatn”, var svaret.

 

Kanskje du som les dette, veit om folk som har busteinar, eller har høyrt om nokon som har gjeve buvatn til sjuke dyr?